Skip to content
Husk meg
Du er her: Hjem

Omtaler skrevet av musi

2 Resultat - Viser 1 - 2 Treff pr. side:
 
Easywalker
 

Smal og lett!

Tilfredshet:
 
9.0
Omtalt av musi
April 01, 2008

Comments (0)
 

Dette er den smalaste og lettaste vogna eg kunne finne, som samtidig har store gode hjul. Eg leita og undersøkte masse! Den er kun 56 cm brei og veg kun 7 kg. Den er så lett at den triller av seg sjølv. Har faktisk opplevd d fleire gonger når det kjem eit vindpust... Dei store hjula gjer det enkelt og trille over høge fortauskanter eller trikkeskinner. Passer også svært godt offroad. Kjem inn alle trikkedører. Så lett at den kan løftast enkelt over store hindringar. Lett å legge sammen og den blir liten sammenlagt.

Eg har hatt kun denne vogna i over eitt år no og har ikkje hatt behov for noko anna. Det at den ikkje har full liggestilling har aldri plaga barnet mitt.

Plus: lett og smal, god å trille, store gode hjul

Minus: lita handlekorg, kunne hatt titteluke, kunne hatt full liggestilling, kunne vore litt lunare på vinteren, men det går fint hvis du har ein god pose

 
Simo
 

Trygg og god

Tilfredshet:
 
8.0
Omtalt av musi
May 20, 2007

Comments (0)
 

Dette må være den vogna som er mest trygg (veltar aldri) og med størst bag. Den er lun, god plass til vinterbaby (baby født om sommeren skal ha både pose og masse kle i desember), super liggekomfort, god å trille på ulent terreng og god på vinterføre. Altså ei av dei beste vognene for babyen sin del! Det er vel ikkje uten grunn at det er den mest solgte vogna i Norge.

Negativt er at den er tung og stor når du slår den sammen, så egner seg ikkje godt dersom du skal ha den mykje med deg i bil. Den er tung som sportsvogn.

 
2 Resultat - Viser 1 - 2
Powered by JReviews