I går kveld satt eg og skreiv den avhandlinga om Breezen min til forbrukereuropa. Samla alle e-posta mellom meg og posten, og meg og babycare. Den er heilt klar for sending, mangla berre et par print screens. No når L sove, tenkte eg og ordne det. Går først inn på posten.no og søker på sporingsnummer for å ta PS der, og da er det komt ein oppdatering etter eg sjekka i går ettermiddag!
20.40 i går kveld blei pakken fortolla! Eg tenke med ein gang at no er pakken i Norge, og den er ferdig fortolla og klar til å sendast meg. Ringer postens kundeservice for å forsikre meg om at det er sant. Men neida, pakken er fortolla i Nederland
Einaste positive er at eg veit kor den er, og at den er på veg til forhandler. Har bestemt meg for å vente et par daga med å kontakte forbrukereuropa, og heller sjå om forhandler kan få den tilbake på rett kurs når dei mottar den
*håpehåpe*