Fordi dere vart inkludert i deilemmaet mitt på kva vogner eg skulle ha med på sydenferie, må eg begynne med å fortelle at vi endte opp med berre Zapp. Den ettermiddagn vi shoppa i Palma savna eg simoen, men det var utelukkande fordi eg gjerne skulle hatt større handlekurv. I tillegg til Zapp Xtra hadde eg med Beco Butterfly II, og det geniale var at både trilla og bæreselen kunne brukast av begge gutta. Så da vi var på marked i gamlebyen, shopping i Palma og ute for å spise på kveldane bytta vi på og ha guttane liggande i vogn eller i bæresele. Å trille Zappen gjennom sanden var umulig, men akkurat vogn gjennom sanden sleit dei fleste med. Alle andre plassa kom vi oss veldig fint fram, og eg kunne nesten ikkje vert meir fornøyd med den. Solskjermen dekka alltid så E ikkje fikk sol i ansiktet. Det einaste plagsomme var at plstområdet rundt på kalesjen slapp kveldssola inn på han, men da la eg berre eit teppe over akkurat der.
Alcudia er ikkje berre eit barnefamilieparadis, det er også eit barnevognsightseeing paradis
Vertfall om ein vil sjå på triller. Vi såg noken større vogner; stort sett tidligare årsmodella av teutoina, simo og emmaljunga, men også noken store danske bagvogner. Mellom anna ei nyyyydelig Odder vogn. Det var og veldig mange med cam og bee. Av triller gikk det i vanlig zapp, maclaren triller, ein heil haug 4me fusion/ tiitanium baby breeze / petit star zia, mykje av merket mamu, men også ein del eg ikkje fant ut kva var men vart veldig nysjerrig på. I tillegg til vognene vi observerte ute i Alcudia, fant eg og den mest fantastiske barneutstyrsbutikken eg har vert i. Eige innlegg med bilder kjem!
I dag er eg enda meir gla for at det berre var Zapp Xtra som var med oss på tur. Spesialbagasjen vart nemlig ikkje med tilbake til Bergen. I tillegg til Zappen har eg mi nye, nydelige stelleveske i prampacken, så eg håpa virkelig det kjem til rette igjen. På flyplassen kunne dei ikkje gjøre rede for kor bagasjen befant seg. I morra reiser vi sannsynligvis videre til Høyanger, så da må den vere på plass. Håpa alle andre har hatt ei fin veke, og at eg ikkje har gått glipp av for mykje på vognfronten her inne